Velkommen til Njøsagarden Kvaole. Her bur Jostein Kvåle og Jorunn Havsgård, 100 sauer, 40 geiter og ein katt.
Njøsagarden Kvaole ligg rett utanfor Sogndal sentrum. Me driv gard med sau og ammegeit/ kasjmirgeit. Sauen leverar me til systemet, mens produkt av geit prøver me å omsetja sjølv på marked, via rekoringen sogndal og no nettbutikk på Localfood.no. Drifta vår er basert på å utnytte beite/ utmark så langt me kan. Kjea lever det gode liv ute med mjelk frå mor og det dei finn av grønt i naturen. Dei fleste blir slakta på Vikja, eit lokalt slakteri. Dette for å levera lokalmat rett frå naturen med minst muleg stress for dyra. Det er og mulig å ta kontakt og handle direkt hos oss. Ja til lokalmat og berekraftige bygder.